EI
NY KURSVEKE I LANGEVÅG I SOMMAR
28, JUNI TIL 2, JULI 2010
Påmeldingsfrist
er 15. mai 2010
Kursavgifta
er kr. 3.250,- og må betalast innan
1. juni 2010 til kontonummer. 6545 05 10518
Klikk
her for å melde deg på sommerkurset
Heilt
sidan 1994 har Friheim i Langevåg stått
som teknisk arrangør av "GLADVEKA"
i Langevåg. Denne veka er spekka av musikk, leik
og moro frå morgon til kveld. "GLADVEKA"
er eit kurstilbod innan musikk, og det går i regi
av Friheim i Langevåg i Møre og Romsdal,
og er tilpassa korpsmusikarar mellom 11 og 14 år.
Av kursinnhaldet kan nemnast:
* Instrumental-undervisning
* Gruppesamspel
* Kammermusikk
* Felleskorps
* Musikkteori
* Høyrelære
* Streetparade (om veret tillet)
Alle
musikkaktivitetar, måltid og sosialt samvær,
vil vere på FRIHEIM i Langevåg, og kurset
avsluttast på fredag med ein innhaldsrik konsert
der dei unge musikarane får vise kva dei har lært.
Her vil også foregå samspel saman med dei
profesjonelle instruktørane.
Instruktørstaben
er plukka frå dei fremste i vårt distrikt
og . Dei er velkjende musikarar som har sitt levebrød
innan musikk og pedagogikk. Alle har dessutan bakgrunn
frå korpsmiljø. Kursleiarar er Kåre
Nymark Jr. og Vebjørn Sæther
Overnatting
vil vere på eigen overnattingstad ved idrettsplassen
i Langevåg. Her vert gutar og jenter plassert
på eigne overnattingsrom, der vaksne "vakter"
er tilstades på romma heile natta. Kursopplegget
vil gi god plass for fritidsaktivitetar av ymse slag.
Særleg populær har fotballkampen mot instruktørane
vore. Fritidsaktivitetane er sjølvsagt avhengig
av veret, men ein badeshorts, gode joggesko saman med
noko trimtøy, kan vere god å ha med i sekken.
Då
det er stor rift om plassane, så er det lurt å
vere tidlig ute med påmeldinga. I stor grad er
det prinsippet "først til mølla"
som gjeld, men ein må ofte ta omsyn til alder
og instrument, slik at ein ikke får 50 på
trommer og 2 på klarinett.
Ofte er det fleire personer frå same korps som
melder seg på. Det kan vere lurt, for då
har ein i alle fall ein kamerat eller veninne å
forholde seg til, men det viser deg at kontoen for vener
og venninner har vokse etter at sommaren er over. Ein
kan freiste å søke om tilskott fra komune
eller annan stad, slik at ein ikkje tærer for
mykje på korpsøkonomien.
Korpleiarar, instruktører, føresette og
deltakarar har fleire lovord om kurset, og kjem attende
på kurs fleire somrar. Ein kan tydeleg merke forskjell
på deltakarar før og etter kurset.
Om
du ønsker meir informasjon, så er du velkomen
til å sende ein epost til info@friheim.no
eller oddbjorn.oien@mimer.no
VEL MØTT!
|