|
Det
er eit sant mangfold av aktivitetar som har gått
føre seg innanfor (og kanskje ikkje minst utanfor)
veggane på Friheim gjennom åra. Musikk er
eit viktig stikkord. Konsertar, både av det seriøse
og av det meir lødige slaget. Korpsmusikk, klassisk
musikk, jazz og, ikkje å gløyme, dansemusikk.
Fiolin og klaver, tuba og trompet, fløyte og
klarinett, trekkspel og gitar, alle har dei hattsin
naturlege plass på Friheim.
Skodespel
har også blitt framført i så mange
variantat. På aftenunderholdningane i mellomkrigsåra
var skodespel faste innslag. Det same var sang og musikk.
Desse underholdningskveldane var, i tillegg til å
vere eit økonomisk alfa og omega for arrangørane,
reine rugekassa for bygda sine mange talent. Seinare
fekk bygda eige teaterlag som, i tillegg til å
spele for sine eigne på Friheim, reiste distriktet
rundt på turne. Og revyane må heller ikkje
gløymast. Aftenunderholdningane var forløparen,
der var det alltid med viser som tok aktuelle hendingar
og personar på kornet. Seinare blei det heile
revyar og dette miljøet har i våre dagar
vakse seg sterkt med eige revyselskap og årlege
Sulopp-revyar.
Utover
i 30 åra blei det meir og meir klart at det "gamle"
Friheim ikkje lenger var stort nok og at eit nytt og
tidhøvelig kulturhus måtte til. (Ordet
kulturhus var sikkert ikkje verken tenkt eller påtenkt
i dei åra, men i dag er det nettopp eit kulturhus
det ville vore snakk om.) Skytterlaget innsåg
at skulle dei kunne tilby bygda det bygda trengde så
måtte gamle Friheim rivast og nytt hus byggast.
Derfor vedtok dei på årsmøtet sitt
hausten1936 å bygge eit nytt forsamlingshus i
mur og betong. Men dei var ikkje åleine om slike
tanker.
Om
lag samstundes arbeidde nemlig Idrottslaget Von med
planar om eit moderne samfunns- eller forsamlingshus.
Dei kjøpte tomt i Djupdalen, om lag der Sunnmøre
Livbeltefabrikk seinare blei bygd og tomta blei utskoten.
Arkitekt blei også engasjert og målet var
å bygge eit moderne hus med forsamlingssal til
om lag 450 menneske. Salen skulle vere utstyrt med dreiescene,
noko som ville gjort arbeidet med skodespel og aftenunderholdninger
mykje lettare. I underetasjen skulle det vere grupperom
og øvingsrom, ikkje minst for Langevåg
Hornmusikk.
Men
kunne Langevåg ha bruk for to slike hus? Og ville
det vere økonomisk grunnlag for å reise
begge husa? Svaret var sjølvsagt nei, og kva
skulle ein så gjere? Som så ofte når
noko skulle gjerast i bygda var ein avhengig av støtte
frå Devold-fabrikken. Og Reidar Devold gjorde
det straks klart at dersom det skulle byggast eit forsamlingshus
så måtte ein samle seg om eit felles prosjekt.
Dermed blei det halde drøftingar mellom representanter
frå Langevåg Skytterlag og Idrottslaget
Von. Men drøftingane førte ikkje fram,
partane greidde ikkje å samle seg om eit felles
tiltak.
Dermed
blei det ein kamp om tida. Den som først hadde
sitt prosjekt klart og kunne få det finansiert
ville vinne denne kampen og få sitt husprosjekt
realisert. Taparen måtte skrinlegge sitt. Det
blei Langevåg Skytterag som vann kappløpet
og Von måtte dermed sette bom for sine planar.Om
denne løysinga var den beste kan ingen vite sikkert.
Von hadde eit både større og meir moderne
hus i sikte en skytterlaget og hadde dei greidd det
dei hadde sett seg føre så hadde Langevåg
fått eit flott forsamlingshus etter samtida sine
mål. På den andre sida hadde truleg Skytterlaget
meir erfaring og større resursar til å
bygge og drive eit så stort hus. Og uansett: Med
det nye Friheim fekk Langevåg eit stort og fin
forsamlingshus som utgangspunkt for eit rikt og mangfoldig
kulturliv.
Det
blei altså hausten i 1936 Langevåg Skyttarlag
sette i gang prosessen som skulle føre frå
det gamle Friheim, ei påbygd brakke frå
eit brannherja Ålesund i 1905, til det store,
flotte og moderne kulturhuset Friheim. Først
måtte det gamle huset rivast. Mykje av materialane
derifrå blei brukt i innreiinga av det nye huset.
Men det aller meste måtte sjølvsagt kjøpast
og til å finansiere det heile måtte det
eit banklån på 50.000 kroner til. Det var
alvorlig mykje pengar, om ein til dømes samaliknar
med dei 850 kronene dei lånte då dei bygde
på det gamle Friheim vel tjue år tidlegare.
I tillegg til banklån og eigeninnsats var fleire
bedrifter i Langevåg med på å finansiere
bygget.
Ved
juletid i 1939 var huset ferdig og 2. juledag kunne
det åpnast med fest til inntekt for Finlandshjelpa.
På nyttårsaften var det dans, den aller
første i nye lokale, og publikumstilstrøyminga
var upåklagelig. Seinare skulle det bli svært
så mange dansetilstelningar i denne salen som
no var ein av dei flottaste og mest moderne i distriktet.
Sitteplassar til om lag 400 personar, scene, rett nok
ikkje dreiescene slik Von hadde hatt planar om, stort
kjøkken og serveringsrom. Jau, dette var noko
å gå inn i framtida med.
Framtida,
det var ved ingangen til 40-åra som vi no veit
først fem år med krig og okkupasjon.Dette
sette ein stoppar for ferdigstilling av Friheim. Kjellaren
var ikkje ferdig innreidd og blei det heller ikkje før
fleire år etter krigen. Ein av dei tinga som blei
populært når nye Friheim no sto ferdig var
kino. Dei første forsøka med kinodrift
hadde vore gjort så tidleg som i 1925. Men den
gongen blei det ingen suksess og det var ikkje mange
filmane som bli vist. Suksess blei det derimot med kino
på det nye Friheim. Frå januar 1940 blei
det vist film to gonger for veka og interessa var stor.
Så kom krigen og interessa blei ikkje mindre av
den grunn. Vanskelege tider gjorde nok at folk trengde
noko å slappe av med. Men etter kvart måtte
ein vise stadig fleire tyske propagandafilmar, og det
ville ikkje folket i Langevåg forlyste seg med.
Dermed gjekk besøkstala ned mot sutten av krigen.
Men
i etterkrigstida steig interesse for kino sterkt. Og
utover i 50-åra var det vanleg med om lag 30.000
besøkande vaksne og 5-6.000 barn for året.
Endringa kom med fjernsynet og frametter 60- og 70-åra
gjekk besøkstalet berre ein veg. I 1952 hadde
Ivar P. Moldvær blitt tilsett som kinosjef og
ansvarleg for drifta. Dette arbeidet utførte
han i ei årrekke på ein framifrå måte
til glede både for bygdefolket og for oppdragsgivaren,
Langevåg Skyttarlag.
Men
i 1979 var det slutt. Då sa Moldvær opp
stillinga si og skyttarlaget såg seg ikkje i stand
til å tilsette ny kinosjef. Heller ikkje fann
dei økonomisk grunnlag for å halde fram
med kinodrifta. På den tida blei det selt berre
nokre få tusen kinobilettar for året. Etter
dette sto Sula Kommune ansvarleg for kinodrifta fram
til 1983 då kinoutstyret blei selt og kinodrifta
lagt ned. På denne tida var om lag all anna bruk
av Friheim opphørt. Inntektene hadde skrumpa
inn og vedlikehaldet var på eit minimum. Få
ville bruke huset og skyttarlaget ønska å
satse på anlegget sitt ved Øvstevatnet.
Framtida var både dyster og usikker for Friheim.
På
same tida var Langevåg Musikkorps nede i den djupaste
bølgedalen i korpset si meir enn 60-årige
historie. Rekrutteringa var ikkje det ho hadde vore,
oppslutninga om øvingar var dårleg og fleire
gongar var det eit stort spørsmål om ein
hadde nok folk til å stille på speleoppdrag.
Motløysa var til å ta og føle på.
Ja, spørsmålet blei stilt direkte til medlemane:
er det liv laga for korpset i framtida?
9.
juni 1986 var medlemane i Langevåg Musikkorps
samla til årsmøte. Ei av sakene på
sakskartet var nytt øvingslokale. Fleire gongar
dei siste åra hadde korpset vore på flyttefot
og situasjonen var ikkje god. No hadde styret funne
fram til to alternativ som dei presenterte på
årsmøtet. Men årsmøtelyden,
med Oddbjørn Øien i spissen, ville det
annleis. Kvifor ikkje kjøpe Friheim? Skyttarlaget
hadde lenge hatt ønske om å selje huset.
Og korpset hadde behov for skikkelege øvingslokale.
Loddet var kasta. Stemninga på årsmøtet
var optimistisk. Det var berre å hive seg rundt
og satse på Friheim, hevda fleire. Om det ikkje
blei gått så drastisk til verks, blei det
i alle fall valt ei nemnd som skulle forhandle med skyttarlaget
om kjøp og med skulekorpset om samarbeid.
Men
som i alle sjøar så var det sjølvsagt
skjer også i denne. Økonomi var det største
og farlegaste. For det første måtte ein
ha pengar til å kjøpe huset for. Men langt
meir måtte til for å restaurere det og sette
det i skikkeleg stand. Nokre hevda at berre ein fekk
sikra seg huset så kunne ein bruke det som det
var, i alle fall den første tida. Men stort sett
var det semje om at skulle ein kjøpe huset så
skulle det også reparerast og moderniserast. Til
det måtte ein ha statlege tilskot og lenge såg
det mørkt ut. Anten måtte ein inngå
samarbeid med fleire brukarar eller så måtte
ein konkurrere med store kulturhus som nok vog tyngre
enn vesle, gamle Friheim. Optimismen frå årsmøtet
fekk motstand å bryne seg på.
Kjøp
av Friheim var viktigaste saka på eit ekstraordinært
årsmøte vinteren 1987 utan at det kom så
mykje meir ut av saka der og då. Signala var negative,
men korpset nekta å gi seg så lett. Framover
våren blei det arbeidd vidare med saka. Mellom
anna opna det seg alternativ for sambruk av huset med
kommunen, noko som kunne utløyse statsmidlar
til bygget. Og på det ordinære årsmøtet
same året blei det samrøystes vedtatt å
gi eit forhandlingsutval fullmakt til å kjøpe
Friheim. Føresetnaden var at ein kunne kome fram
til ein akseptabel avtale med Sula Kommune.
Dermed
var det i grunnen gjort. Langevåg Musikkorps +
Friheim var sandt! Heretter handla det berre om å
finne praktiske måter å gjere ting på.
Og å skaffe pengar. Det heldt forresten på
å gå rett gale. Etter korrespondanse fram
og tilbake til kommune, fylke og stat låg det
i 1988 til rette for at Friheim-prosjektet skulle få
statleg støtte. Men for å få utbetalt
pengane måtte kommunen ta på seg eit overordna
ansvar. Langevåg Musikkorps hadde alt hausten
1987 gått i kompaniskap med Langevåg Skolekorps
og dei skulle saman stå for alt både praktisk
og økonomisk ved restaurering og drift av Friheim.
Men kommunen måtte stå som garantist med
det overordna ansvaret. Det var her det heldt på
å skjere seg.
Først
skulle kulturstyret uttale seg. Og dei sa nei. No såg
det stygt ut for heile prosjektet. Utan kommunal velvilje
kunne det vere kroken på døra for eit nytt
Friheim. Men kommunestyret var positive og tok på
seg ansvaret og dermed var første økonomiske
tildeling sikra. Ein viktig støttespelar på
denne tida var kultursjef Tore Hals. Han la ned eit
stort arbeid i å finne stønadsmidlar til
Friheim og utan hans innsats hadde det nok blitt langt
vansklegare å realisere planane.
Hausten
1988 blei det gjort avtale mellom kommunen og korpset.
Sula Kommune skulle stå om eigar av tomta, korpset
av huset. Musikkorpset fekk festekontrakt på inntil
40 år og med høve til å forlenge
når festetida var over, Det var grønt lys
for prosjektet "nye Friheim".
"Kjempesuksess
i Langevåg" sto det å lese i Sunnmørsposten
3. februar 1992. Det var dagen etter opningskonserten
på det nyrestaurerte forsamlingshuset Friheim.
Det som musikklivet og kulturlivet i Langevåg
og heile Sula hadde venta på i måneder og
år var eit faktum. "Nye Friheim" var
klar til bruk. Som ein Fugl Fønix frå aska
hadde det gamle, slitne og medtatte Friheim frå
1939 forvandla seg til eit imponerande flott og moderne
aktivitetshus for kulturaktivitetar av dei fleste slag.
Endeleg hadde bygda Langevåg fått eit kulturhus.
Eit topp inspirert Langevåg Musikkorps, saman
med 16 profesjonelle musikarar som alle starta karrieren
sin i korpsmiljøet, sto for den forrykande opningskonserten.
Sunnmørsposten
var ikkje snau med karakteristikkane,verken av opningskonserten
eller av huset: "Opningskonserten til Langevåg
Musikkorps i det "Nye Friheim" i Langevåg
i går blei ein kjempesuksess og eit musikalsk
fyrverkeri som ein sjeldan har fått oppleve maken
til. Frå første trommevirvel og til siste
ekstranummer trollbatt musikarane publikum, ikkje berre
ein, men to gonger. Konserten blei nemlig halden for
to stappfulle hus, og endå var det svært
mange som ikkje fekk plass. Og som om ikkje musikken
var nok, så var også salen og huset der
konserten gjekk føre seg ei oppleving i seg sjølv.
Det er eit fantastisk dugnadsarbeid som ligg bak "Nye
Friheim". Men så har også Langevåg
og Sula fått eit kulturhus som er musikkbygda
verdig".
Og
Sulaposten følgde opp. "Pangstart for "Nye
Friheim" heitte hovedoppslaget den følgjane
torsdagen og kritikken var ikkje mindre posistiv der:
"Det er ikkje tvil! Nye Friheim tilfredsstilte
alle forventningar som Sula sitt nye kulturhus. For
publikum blei konserten søndag ei stor oppleving,
for maken til musikalsk speleglede har vel knapt vore
utvist her på øya nokon gong. (....) Det
har vore ein hektisk innspurt siste vekene heilt fram
til like før konserten for å få alt
ferdig, og la det vere sagt med ein gong; både
kafeen, utstillingslokale og veggar med kunstverk frå
skular og barnehagar beviste at her har Sula fått
eit kulturhus å vere stolt over. Alt takka vere
ein iherdig dugnadsgjeng som har stått på
i lang tid".
Det
var litt av eit maratonløp som som blei avslutte
med opninga av eit heilt nytt Friheim vinteren 1992.
Hadde korpsmusikarane i Langevåg visst kva som
låg framom dei då dei begynte å leike
med tanken på å kjøpe Friheim seks
år tidlegare hadde dei sikkert sett kroken på
døra med det same. Men det var bra at dei ikkje
visste. Friheim blei altså kjøpt hausten
1988. Ei kort tid, medan formaliteter og økonomi
blei ordna, brukte korpset huset til øvingslokale.
Alt då byrja dei nok å forstå kor
ille det sto til. Etter sommarferien året etter
måtte dei ut att. Då var det klart for byggearbeid.
Det vil seie: først blei det vel stort sett rivingsarbeid.
Og om dei ikkje hadde forstått det før
så skjøna dei det no;her var det eit storarbeid
som låg framfor dei.
Det
blei ei lang historie og eit omfattande arbeid å
restaurere Friheim. Mange og lange dagar, tusenvis av
dugnadstimer. Så godt som alt av det gamle måtte
bort. Til slutt sto berre eit skal av tak og vegger
att. Dører, vindu, rør og leidningar,
- alt måtte skiftast ut. I tillegg måtte
området rundt huset planerast. For å få
nok øvingsrom blei det laga eit tilbygg på
nordsida av gamlebygget. Heis måtte der vere.
Moderne teknisk utstyr måtte til, både til
forsamlingssalen og ikkje minst til eit nytt, moderne
kjøkken i kjellaretasjen. Tidsmessig sanitæranlegg
måtte huset ha og like skikkelege kafelokale.
Oddbjørn
Øien, Reidar Andersen og Jarle Jensen var den
ansvarlege byggenemda for arbeidet. Men dei sto ikkje
åleine, medlemmane slutta mannjamnt opp. To dagar
i veka var det dugnad, laurdag pluss ein kveld. Korpsmusikarane
er allsidige, også når det gjeld yrke og
fagleg kompetanse. Dermed trengde dei ikkje leige inn
fagfolk, alle fagfelt blei dekt av folk i korpset eller
med nær tilknytning til korpset. I tillegg var
ein så heldig å få deltakarar frå
eit arbeidsmarknadskurs i mur- og betongarbeid til å
arbeide på bygget. Alt dette ga god og rimeleg
arbeidsinnsats.
Men
likevel måtte det store pengar til. Med god hjelp
frå kultursjef Tore Hals fekk posjektet i overkant
av ein million fra staten. Resten av pengane måtte
lånast. Ein av bankane i bygda var villig til
å ta risikoen og ga lån på om lag
1,5 millionar kroner. Heile byggeprosjektet kom på
i underkant av av tre millionar kroner. Skulle ein ha
leigd folk til heile arbeidet kunne ein ha mangedobla
summen.
Nesten
tre år tok det, det praktiske arbeidet med å
omskape gammalt til nytt. Om ein tar med tida til førebuing
og til finpussing, både inne og ute,kan ein legge
til endå fleire år. Ja, på sett og
vis blir arbeidet aldri ferdig. For huset har skapt
nye behov og korpset har stadig planer for utvidingar
og forbetringar. Dei siste åra er det til dømes
reist eit tilbygg på vestsida av Friheim i samarbeid
med næraste naboen til huset. Her er det både
plass til lager for korpset sitt utstyr og eit mindre
forsamlingslokale til glede både for huseigar
og bygda elles.
Slikt
arbeid som det Langevåg Musikkorps starta i 1989
kunne ta knekken på langt større og sterkare
aktørar enn eit landsens hornmusikkorps. Det
hadde skranta med langevågsblåserane i fleire
år då dei tok til med husprosjektet. Oppslutninga
om korpset var til tider laber. Korpset kjempa for å
halde interessa så nokolunde i live mellom medlemane.
Det var ofte vanskeleg å få folk til å
møte på øvingar og konsertar. No
krevde dei oppslutning om eit dugnadsprosjekt millionklassen.
Korleis skulle dette gå?
Det
gjekk bra. Utruleg bra. Ikkje berre stilte folk opp
på dugnad med hammar og sag og spade og blandemaskin.
Men dei stilte også opp på musikkøvingane.
Etter kvart som huset tok form merka dei også
at samholdet og samarbeidet på byggeplassen smitta
over på det musikalske. Ein skulle kanskje ha
trudd eller frykta at alle dei lange arbeidsyktene,
veke etter veke, månad etter månad, skulle
tappe krefter slik at det ikkje blei noko att til musikken.
Men det virka motsett. Samhold gjer sterk, heiter eit
gammalt slagord. No hadde korpsmedlemmane fått
noko å stå saman om. Og det sveisa dei skikkeleg
godt saman. Innsatsen for å gjenreise Friheim
ga dei også energi til å tru på at
dei kunne heve seg på musikkens venger. Gamle
medlemar som hadde vore borte frå korpset ei tid
kom tilbake og nye kom til. Og dei som kanskje hadde
tenkt på å slutte fekk ny inspirasjon og
sto på for fullt. Fleire av veteranane i Langevåg
Musikkorps meiner i ettertid at utan Friheimprosjektet
så er det ikkje sikkert at det hadde vore liv
i korpset i dag. Så alvorleg var situasjonen for
korpset i 80-åra. Og så viktig var reisinga
av kulturhuset Friheim. Viktig for korpset. Viktig for
bygda.
Gjenopninga
av Friheim blei starten på ein ny epoke og ein
ny æra for Langevåg Musikkorps og for kulturlivet
i Langevåg og på Sula. Snart blei det ei
oppblomstring av nye aktivitetar og "gamle"
aktivitetar og aktørar kom igjen på banen.
Korpsa, både vaksenkorpset og skulekorpset, fekk
betre forhold. Huset gav dei både øvingsrom,
konsertarena og ein stad og halde til.
Hausten
1992 fekk Langevåg Musikkorps Sula Kommune sin
kulturpris. Dette var både ein honnør for
ein svært aktiv kulturinnsats gjennom 70 år
og ei understreking av at kommunen sette pris på
at korpset hadde gitt Langevåg og Sula det kulturhuset
som kommunen sjølv ikkje hadde greidd å
skaffe.
Revylivet
i Langevåg har fått ein ny vår etter
at Friheim blei restaurert. I gamle dager var det vanleg
med både rey og aftenunderholdning på Friheim.
Etter at Friheim nærast hadde sovna inn blei det
i 1980-åra gjort et par forsøk med revy
på Sula Ungdomsskule, men alt det tunge arbeidet
med å lage scene og kulisser i ein gymnastikksal
gjorde at arbeidet blei lagt på is. I det nye
Friheim har revyaktiviteten blomstra oppatt og dei siste
åra har det jamt vore 1.000 - 1200 nyfikne publikumarar
på revyforestillingane for å sjå Hallvard
Harhaug, Bjørg Bjørkhaug og Syver Sand
og alle andre løgne figurar som speglar av store
og små hendingar i bygda. Frå første
revyen i 1993 har Sulopp-revyane blitt ein kjempesuksess.
Kombinasjonen av gode tekstar, førsteklasses
skodespelarkunst og musikk i toppklasse er viktige grunnar
til dette. Revyen er no organisert i eit eige selskap,
Friheim Revyselskap, som tilfører Friheim viktige
inntekter kvart einaste år.
Men
Friheim gir også rom for andre aktivitetar. Langevåg
Skolekorps bruker sjølvsagt dette huset til øvings-
g konsertlokale. Bygda har også fått kinoen
tilbake i eit samarbeid mellom Friheim, kommunen og
Bygdekinoen. Fleire lag som pensjonistforening og revmatikarlag
har fast tilhald på Friheim. Huset er også
arena for så ulike ting som fest gravferd. Kafelokala
i første etasje blir ofte brukt både av
privatfolk og av kommune og organisasjonar til samkomer
av ymse slag. Kommunen har stadig oftare lagt møte,
kurs og samlingar til Friheim der dei har tilgang på
både forsamlingssal, grupperom og serveringslokale.
Avgjerande for å kunne gi slike tilbod er ildsjeler
i korpset og deira ektefeller som bruker timar og dagar
for å halde Friheim i drift. Det tekniske utstyret
for lyd of lys er av høg klasse og gjer huset
godt egna til framføring av musikk og andre aktivitetar
som stiller høge krav til slike fasilitetar.
Det
spirar og gror på Friheim og rundt Langevåg
Musikkorps. Det er lenge sidan nokon kunne sette tilnamnet
"Ondt i magen" på musikkutøvarar
frå Langevåg. Det er lenge sidan publikum
måtte vite kva stykke hornmusikken skulle spele
for å kjenne igjen melodiane. Og det er lenge
sidan ei femti kvadratmeters brakke var kulturhuset
i Langevåg.
Eit
årtusenskifte gir grunn til å sjå
seg tilbake, til å sjå på det som
har vore. Men det gir minst like stor grunn til å
sjå framover, til å skape visjonar om noko
som kan bli. Langevåg Musikkorps har grunn til
begge delar. Til å sjå tilbake på
over 80 år med musikk og kultur og aktivitet i
og for bygda Langevåg. Men også til å
sjå framover på nye år med liv og
utvikling. Det er eit aktivt og levande musikkorps som
no har gått inn i eit nytt millenium. Mykje er
oppnådd, men meir kan gjerast. "Spenn ei
stjerne for di vogn" brukte dirigentveteranen Jens
Standal å seie. Den som gjer det kan nå
både høgt og langt.
|